Barnelitteratur: Frå offer- til maktrolle

11 Nov

Fra Aftenbladet ….   – Barnelitteraturen har lenge hatt ei offerrolle, men nå kan du knapt opna ei avis utan å sjå referansar til barnelitteratur. Og i førre veke hamna ei barnebok i spørjetimen på Stortinget, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen. Kultur- og litteraturformidlaren jobbar som prosjektleiar for den store Nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen «Maktens pluttifikasjon», som skal gå av stabelen i Stavanger i februar, i regi av Rogaland fylkeskommune. Ein barnebokkonferanse som, av alle ting, skal ta for seg makt, klasseskilje og brytingstid.

Synleg

For mens ein på litteraturfestivalen Kapittel i september hadde ein eigen debatt om barnelitteratur under overskrifta «Litteraturen ingen husker» – om at barnas eigen litteratur praktisk talt er gløymd av norske medium, meiner Torsvik Bertelsen situasjonen er omtrent motsett.

– Kulturminister Anniken Huitfeldt si bok om Gro Harlem Brundtland blei ei politisk sak. Det same blei Norges første splatterbok for barn, der skurken heiter Sivert Jensen og leiar Skrittpartiet, seier Torsvik Bertelsen.

Framstegspartiets kulturpolitiske talsmann Ib Thomsen bad førre veke kulturministeren gripa inn og hindra at boka blir kjøpt inn av Norsk Kulturråd fordi han meiner «partipolitiske barnebøker» ikkje bør subsidierast av staten. Han fekk nei.

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: